Forside
DeutchEnglishNorsk
Turistruter
Print   E-mail



Dagstur med flott båttur inn den vakre Fjærlandsfjorden. Buss til Norsk Bremuseum med fantastisk film og utstillingar. Det vert og tur til Supphellebreen og stopp ved Bøyabreen (ikkje om ettermiddagen).

Brebussen gir høve til dagstur til Briksdalsbreen.

Skibussen går i dagleg rute mellom Stryn og Stryn Sommerskisenter på Tystigen. Til fjells om morgonen og i retur på ettermiddagen – perfekt til ein herleg sommardag på ski.

Tur frå Sogndal over Sognefjell (1400 m.o.h.) til den kjende turiststaden Lom. Etter eit opphald i Lom går turen vidare over Strynefjell til Stryn og Nordfjordeid. Frå Nordfjordeid går turen gjennom Våtedalen og Fjærland til Sogndal.

Tur frå Sogndal til Breheimssenteret og vidare med ein kort båttur til den mektige Nigardsbreen.

I juni–august går ruta dagleg frå Balestrand kl. 10.30 gjennom mektig natur langs Sognefjorden og opp til Gaularfjell (fotostopp). Så går turen vidare over høgfjellet og ned til Viksdalen langs Gaularvassdraget. Ved Moskog er det bussbyte til Sogn langs Jølstravatnet til Norsk Bremuseum i Fjærland. Ein kan ta brebuss heilt inn til Jostedalsbreen, Bøyabreen og Suppellebreen. Turen går vidare til Fjærland kai og derifrå med Turistferge (ca 1 t) ut Fjærlandsfjorden til Balestrand (kl. 16.55). Bestill flott tur i spanande og variert natur.

Denne unike og populære dagsturen tek deg gjennom nokon av dei mest spektakulære områdane i Fjord–Noreg. Turen går frå Bergen, langs den vakre Sørfjorden til Voss, Myrdal Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Herfrå startar oppstiginga med den utrulege Flåmsbana og vidare med båt i Aurlandsfjorden og Nærøyfjørden. Frå Gudvangen går reisa attende til Bergen. Du kan starte turen frå Bergen, Voss og fleire andre stader langs Bergensbanen.

Opplev den lengste av dei berømte vestlandsfjordane; Sognefjorden, 204 km lang, ombord i en av Fylkesbaatane sine komfortable ekspressbåtar. Opplev kysten og cruise mellom hundrevis av øyer og holmer. Her blir den fjerne linjen av land som du ser frå eit cruiseskip endra til ein verd av eventyr og sumar.